Dette skjemaet skal brukast om du ønsker å melde frå om kritikkverdige forhold i Sula kommune.
Les meir om varsling av kritikkverdige forhold på heimesida vår.
Om du er tilsett i Sula kommune, skal du ikkje bruke dette skjemaet, men interne varslingsrutinar.
Du vel sjølv om du ønsker å varsle anonymt, men om du oppgir namn og kontaktinformasjon gjer du det mogleg for oss å kontakte deg. Det er ofte nødvendig for oss å få meir informasjon om det kritikkverdige forholdet det blir varsla om. Uansett om du oppgir namn eller varslar anonymt, vil varslinga bli handtert i samsvar med lover og reglar for saksbehandling. Det skal vere tygt å varsle.
I Sula kommune er det eit eige varslingsmottak, i mottaket sit kommunedirektør og kommunalsjef helse og meistring, hovudvernombod og HR-leiar. Du vil få ei stadfesting på at varselet er mottatt. Oppfølging av varselet avheng av kva det er varsla om. Du vil få informasjon om kva for oppfølging varselet vil få.