Når må du søke dispensasjon?
Dersom du ønsker å bygge, rive eller endre noko som er i
strid med lov, forskrift og reguleringsføresegnene for eigedommen, må du søke
dispensasjon frå regelverket. Du kan ikkje søke om dispensasjon frå
saksbehandlingsreglane.
Når kan du få dispensasjon?Omsynet bak føresegna du søker om dispensasjon frå, må ikkje
bli vesentleg tilsidesett, og fordelane ved å gi dispensasjonen må vere klart
større enn ulempene. Kommunens vurdering av om vilkåra er oppfylte, må ta
utgangspunkt i grunngjevinga i dispensasjonssøknaden.
Omsynet bak føresegnene knytt til avstand kan for eksempel
vere å sikre nok lys og luft mellom bygg og ivareta brannsikkerheit.
Du kan ikkje grunngi fordelar eller ulemper med personlege
forhold, som for eksempel plassbehov og økonomi. Det er i utgangspunktet
fordelar og ulemper for dei allmenne interessene som skal avvegast. I ei
dispensasjonsvurdering er det ikkje tilstrekkeleg at situasjonen for dei
allmenne interessene ikkje forverrast. Det må også påvisast ein fordel av
tiltaket, primært for allmenne interesser.