Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisere praktisk og personleg bistand for personar med stort hjelpebehov i dagleglivet.
Om tilsetting av nær familie som BPA står det følgande i kontrakta.
- Familie og andre som står arbeidsleiar nært, skal normalt ikkje tilsettast som arbeidstakar.
- Mor, far, søsken, barn, ektefelle, partnar og sambuar blir rekna som nær familie.
- Oppdragsgivar kan likevel i enkelte tilfelle tillate bruk av familie og nærståande.
- Familie og andre nærståande kan unntaksvis og i ei tidsavgrensa periode vere tilkallingsassistentar om ein arbeidstakar ikkje kan møte som avtalt i arbeidsplanen.
Ovanståande er i tråd med rundskriv om "Rettighetsfesting av brukerstyrt personlig assistanse (BPA)"
Du kan lese meir om ordninga med BPA på heimesida vår.