Informasjon
For å få tilgang til hallar, gymsalar og sykkelhotell må ein ha nøkkelbrikke. Tilsette i Sula kommune kan bruke id-kort i staden for nøkkelbrikke.
Om du skal ha nøkkelbrikke til Solevågshallen må du ta kontakt med Solevåg skule på telefon 70 19 78 20.
Dette skjemaet kan du bruke om du skal ha nøkkelbrikke til Sulahallen, gymsalen på Sula ungdomsskule, gymsalen ved Molvær senter og sykkelhotellet på Lerheimkaia.
Kven kan få nøkkelbrikke?
Alle kan få nøkkelbrikke til sykkehotellet på Lerheimkaia. Nøkkelbrikke til hallar og gymsalar blir utstedt til trenarar, oppmenn og leiarar av lag og organisasjonar som har treningstid i hallane.
Opningstid sykkelhotellet
Sykkelhotellet er opent frå klokka 05:30 til 23:00 alle dagar.
Pris
Nøkkelbrikke til hallar og gymsalar er gratis, men om du misser brikka og må ha ny vil du måtte betale eit gebyr.
Prisen for nøkkelbrikke til bruk på sykkelhotellet kostar 100 kroner, du betalar når du hentar brikka.
Kontakt
Brikkene blir laga i servicetorget på rådhuset, dei kontaktar deg når du kan hente brikka. Servicetorget på rådhuset, telefon 70 19 91 00.