Så bra at du tar tak i økonomien din. Om du har problem med gjeld eller utfordringar med å få endane til å møtast, bør du søke hjelp så tidleg som mogleg.
Økonomisk rådgiving er ei teneste som kommunen er pålagt å ha, det er heimla i Sosialtenestelova $17 opplysning, råd og rettleiing. I Sula kommune er det NAV som har ansvar for denne tenesta. Alle rettleiarane ved NAV Sula kan gi grunnleggande økonomisk
rettleiing.
I meir komplekse saker anbefalar vi at du først tar kontakt med
Gjeldsrådgivingstelefonen i NAV på telefon 55 55 33 39. Opningstida er kvardagar frå klokka 09:00 til 15:00. Om det ikkje er tilstrekkeleg, kan du søke om å
få gjeldsrådgiving ved å sende inn dette søknadsskjemaet til NAV Sula, postboks 265,
6039 Langevåg.
Du finn meir informasjon om gjeldrådgiving på nav.no