Rettleiing
Godkjenning:
Alle skular skal vere godkjende av kommunen
etter Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler, jf.
forskriften § 6. Slik godkjenning er eit av virkemidla for å oppnå eit
miljø som fremmar helse, trivsel og læring hos barna.
Eigarar av skular skal søke om
godkjenning når det blir planlagt etablering, utviding (for eksempel tilbygg)
eller endring (for eksempel betydelege endringar i antall barn) av skulen.
Tilsyn:
Kommunen har ansvaret for tilsyn med skulane.
Slikt tilsyn er eit av virkemidla for å oppnå eit miljø som fremmar helse,
trivsel og læring hos barna. Det blir planlagt regelmessige tilsyn,
ca kvart 4. år. Hyppigare ved behov.
Om skjemaet:
Dette skjemaet tar utgangspunkt i dei krava som blir stilt til
skulane i Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler mv
(heretter bare: forskrifta).
Skjemaet blir brukt av
kommuneoverlegen og smittevernrådgivar som grunnlag ved:
- godkjenning av ny eller endret skule, jf. forskriften
§ 6, og ved
- tilsyn med allerede godkjente skular, jf. forskriften
§ 25.
Skjemaet refererer dei relevante
paragrafane i forskrifta. Etter kvar paragraf følger detaljerte spørsmål
og plass for nærmare beskrivingar. Spørsmåla bygger særleg på rettleiaren Miljø
og helse i skolen(IS-2072). Nei-svar på eit spørsmål inneber ikkje nødvendigvis eit brot på
forskrifta. Spørsmåla gir eit utgangspunkt for rettleiing og
rådgiving frå kommuneoverlegen til skulen.
Skjemaet skal
fyllast ut av skulen si leiing og sendast til kommuneoverlegen
ved søknad om godkjenning. Tid for evt. stadleg tilsyn vil bli avtalt nærmare.
Skjemaet kan også brukast ved postalt tilsyn.
Kommuneoverlegen vil
så sende skulen eit vedtak med eventuelle varsel til skulen om forhold
som bør utbedrast (merknader) eller
forhold som må utbedrast
(regelverksbrot). Dersom
skulen ikkje utbetrar desse forholda innan ein fristen, kan det bli aktuelt å
gi skulen pålegg om retting, jf. forskriften § 26. Når forholda er i
orden, blir skulen godkjent ved eit nytt brev.
Marianne Bjerkevåg
Kommuneoverlege (smittevern og miljørettet
helsevern)