Rettleiing
Godkjenning:
Alle barnehagar skal vere godkjende av kommunen
etter Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler, jf.
forskriften § 6. Slik godkjenning er eit av virkemidla for å oppnå eit
miljø som fremmar helse, trivsel og læring hos barna.
Eigarar av barnehagar skal søke om
godkjenning når det blir planlagt etablering, utviding (for eksempel tilbygg)
eller endring (for eksempel betydelege endringar i antall barn) av barnehagen.
Tilsyn:
Kommunen har ansvaret for tilsyn med barnehagar.
Slikt tilsyn er eit av virkemidla for å oppnå eit miljø som fremmar helse,
trivsel og læring hos barna. Det blir planlagt regelmessige tilsyn,
ca kvart 4. år. Hyppigare ved behov.
Om skjemaet:
Dette skjemaet tar utgangspunkt i dei krava som blir stilt til
barnehager i Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler mv
(heretter bare: forskriften).
Skjemaet blir brukt av
kommuneoverlegen og smittevernrådgivar som grunnlag ved:
- godkjenning av ny eller endret barnehage, jf. forskriften
§ 6, og ved
- tilsyn med allerede godkjente barnehager, jf. forskriften
§ 25.
Skjemaet refererer dei relevante
paragrafane i forskrifta. Etter kvar paragraf følger detaljerte spørsmål
og plass for nærmare beskrivingar. Spørsmåla bygger særleg på rettleiaren Miljø
og helse i barnehagen (IS-2072). Nei-svar på eit spørsmål inneber ikkje nødvendigvis eit brot på
forskrifta. Spørsmåla gir eit utgangspunkt for rettleiing og
rådgiving frå kommuneoverlegen til barnehagen.
Skjemaet skal
fyllast ut av barnehagen si leiing og sendast til kommuneoverlegen
ved søknad om godkjenning. Tid for evt. stadleg tilsyn vil bli avtalt nærmare.
Skjemaet kan også brukast ved postalt tilsyn.
Kommuneoverlegen vil
så sende barnehagen eit vedtak med eventuelle varsel til barnehagen om forhold
som bør utbedrast (merknader) eller
forhold som må utbedrast
(regelverksbrot). Dersom
barnehagen ikkje utbetrar desse forholda innan ein frist, kan det bli aktuelt å
gi barnehagen pålegg om retting, jf. forskriften § 26. Når forholda er i
orden, blir barnehagen godkjent ved eit nytt brev.
Marianne Bjerkevåg
Kommuneoverlege (smittevern og miljørettet
helsevern)