Om eigedomen har takst frå Skatteetaten
Om eigedomen din har bustadverdi frå Skatteetaten og du meiner den er feil, kan du endre det sjølv. Det gjer du ved å sende endringsmelding til Skatteetaten.
Om eigedomen har kommunal takst
Om eigedomen din har kommunal takst kan du bruke dette skjemaet til å klage. Om de har klaga på taksten tidlegare - og fått avslag, kan de ikkje klage på same grunnlag igjen.
Klagebehandling av kommunal takst
Om klagen er innkomen innan fristen vil den bli vurdert av sakkunnig nemnd. Om klagen ikkje blir tatt til følge blir den sendt til klagenemnda for endeleg avgjerd. Klagar/eigar vil få tilsendt vedtaket når saka er ferdig behandla. Vi gjer merksam på at klagen kan resultere i at endeleg takst blir lågare, men også høgre.
Betaling av faktura
Tilsendt faktura skal betalast sjølv om du har klagd på taksten. Om du får medhald i klagen, vil du få tilbakebetalt det du har betalt for mykje.
Klagefrist
12. april 2022
Kontaktinformasjon
Ved spørsmål kan du ta kontakt med Sula kommune v/servicekontoret på telefon 70 19 91 00, eller på e-post: post@sula.kommune.no.