PPT skal hjelpe barnehagane og skulane med kompetanse- og organisasjonsutvikling, og samarbeide med barnehagane og skulane om tidleg innsats og førebygging.
Barnehagane og skulane kan melde behov for bistand frå PPT for å styrke barnehagen/ skulen sin generelle kompetanse og retta mot utfordringar som oppstår t.d. i ei gruppe/klasse. Dette kan vere deltaking i ulike møter og samarbeidsfora, informasjon og kurs, observasjon, rådgjeving m.m. Slike oppdrag melder en på dette skjemaet.
Når ein ber om hjelp frå PPT, må ein legge ved ei skildring av korleis ein har arbeidd for å avklare og møte behova i gruppa/klassa, og kva erfaringar ein har hausta så langt, når meldinga gjeld rettleiing til pedagogisk personale vedkomande barne-/ elevmiljøet og læringsmiljøet.