Dette skjemaet er til bruk for dei som skal søke om avlastning for barn og unge med funksjonshemming. Om søknaden gjeld for ein eldre person skal du bruke skjema for søknad om omsorgstenester.
Søknader om avlastning for barn og unge med funksjonshemming blir behandla i eit eige tildelingsutval. Det er ikkje søknadsfrist for avlastning. Søknaden blir behandla så snart alle opplysningar er innhenta og saka er ferdig førebudd; vanlegvis innan 3 veker. Dersom det tar lengre tid, vil du bli varsla om det.
Opplysningane i søknaden blir registrert i datasystemet vårt og blir behandla etter gjeldande lovverk for teieplikt.
Du vil få skriftleg melding om vedtaket.
Du kan få hjelp til å fylle ut søknaden om du tar kontaktar Tiltakskontoret, telefon 70 19 91 00.
Skjemaet skal skrivast ut og sendast til Sula kommune, Tiltakskontoret, Postboks 280, 6039 Langevåg