Forholdet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter, samt av lokale reglement, vedtak, regulativ og deklarasjonar. Meir informasjon om tenestene finn du på nettsidene til Sula kommune
Dei kommunaltekniske gebyra blir regulert ein gong i året.
Forfall
Månadlege fakturarer har forfall 20. kvar månad. Overføring
til månadleg faktura må tilpassast kommunen sine ordinære kvartalsvise
fakturering.
- Om
du ber om månadleg fakturering mellom 21. juni og 20. september, vil du
får månadleg fakturering frå oktober.
- Om
du ber om månadleg fakturering mellom 21. september og 20. desember, vil
du får månadleg fakturering frå januar.
- Om
du ber om månadleg fakturering mellom 21. desember og 20. mars, vil du får
månadleg fakturering frå april.
- Om
du ber om månadleg fakturering mellom 21. mars og 20. juni, vil du får
månadleg fakturering frå juli.
Hytter/fritidsbustad og småbåt/naustlag
Hytter/fritidsbustadar og småbåt/nasutlag kan ikkje søke om månadleg faktura.
Har du AvtaleGiro eller eFaktura?
Viss ikkje anbefalar vi deg å inngå avtale om ein av delene, her finn du informasjon om korleis du opprettar
Alle bestillingar av månadleg faktura for kommunaltekniske tenester blir automatisk innvilga. Du vil difor ikkje motta svar på søknaden.